Vert arrangert for 9. gong i 2011. Med ei utruleg utvikling dei siste åra, så har festivalen vokse seg til å bli den store rockefestivalen på vestlandet. Festivalen starta i 2003 med 650 betalande. I 2010 var det over 13000 betalande innanfor gjerda. Festivalen kan skryte av å alltid ha fint vær, ei god blanding av rock, pop og hardrock, lite køer og Norges hyggeligaste festivalcamp rett utanfor inngongen. Les meir her.
Blei oppført i 2009, er eit fantastisk hus – samlokalisert med Eid Vidaregåande Skule. Lokala rommar bibliotek, kino og konsertsal i tillegg til stor og luftig kantine/lobby. Biblioteket fungerer godt for både lokalbefolkning og skuleelevar. Kinoen er eit lite, topp moderne amfi for 100 personar med beste tilhøve for lyd og bilde. Konsertsalen har plass til 550 personari fast amfi med galleri, har eigen orkestergrav og artistgarderobar for teater og show. Det er tatt spesielt omsyn til gode akustiske forhold i og med at dette er hovudarenaen for Opera Nordfjord.. Les meir her.
Den nye panoramavegen mellom Hopland i Stryn og Hennebygda i Eid gir tilreisande eit nytt godt veivalg. Turen har mindre trafikk enn riksvegen, og med ei fascinerande utsikt er den ei reise verd i seg sjølv.
Guida turar kan ein få ved å besøkje Fjordguides si webside.
Det tek ca. ein time med bil/buss frå hotellet til ferga på Hellesylt som tek deg til Geiranger. Dei fleste turoperatørane som brukar vårt hotell har besøk i Geiranger på programmet. Les meir her.
Det nakne kystlandskapet er i stor kontrast til det frodige indre av Nordfjord. Her kan du få store naturopplevingar i finever så vel som i ruskever. Turen til Vestkapp bør inkludere besøk i Selje og øya Selja samt ein tur til Kråkenes Fyr i Vågsøy. Les meir her.
Norsk Fjordhestsenter ligg på Nordfjordeid og er det nasjonale senteret for avl og bruk av fjordhesten. Senteret er ope heile året og kan tilby rideleirar, ride-og køyreturar, rideturar i fjellet m.m. I vestlandsnaturen kan du oppleve fjordhesten i sitt rette naturlege element. Norsk Fjordhestsenter ligg ca. 15 gange frå Nordfjord Hotell. Les meir her.
Les meir om aktivitetar og attraksjonar i Eid i menyen til høgre.
Rica Partner Nordfjord hotell
6770 Nordfjordeid
Telefon: 57 86 33 33
Faks: 57 86 33 20
Nordfjord Hotell er eit Rica Partner Hotell og har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har restaurant med eit godt kjøkken, bar, ny og moderne møteromsavdeling for inntil 250 personar samt nytt badehus med SPA og treningssenter. Hotellet har heis.