Alt i ein fjord!

Mellom den største fastlandsbreen i Europa og det villaste havet i Norge ved Stad ligg Nordfjord, med spektakulære fjell og dalar, bølgande jordbruksbygder og dramatisk kystlandskap. Her er det tett mellom store og lett tilgjengelege opplevingar. Nordfjord er Norge på sitt flottaste, høgste, lengste, mjukaste og tøffaste. Alt i ein fjord.

 

Kilde: Visit Nordfjord

 - 145 KB

Sagastad

Sagastad vert bygd i den nye Sagaparken i Nordfjordeid sentrum, rett ved den vakre Eidsfjorden. Tomta ligg mindre enn 300 meter frå gravhaugane på Myklebust, der Myklebustskipet vart funne i éin av gravhaugane (Rundehågjen).Sagastad skal vere eit opplevingssenter av nasjonalt format. Senteret vert utforma slik at ein kjenner att gravhaugane på Myklebust så vel som vanlege sjøbuer og jamvel eit kvelva skip.

Det 30 meter lange Myklebustskipet blir det sentrale elementet i bygget. Det runde rommet gjev høve til å sjå skipet både tett på og frå ein viss avstand. Samstundes vil det bli eit rom med gode soner for utstillingar, handverk, musikk, dans og sosialt samvere.

Loen Skylift

20. mai 2017 opna Loen Skylift - eit av dei største og mest spektakulære reiselivsprosjekta i Norge. Frå fjordbygget startar oppstigninga med pendelbana til fjellet Hoven (1011 moh).

Etter nokre minutt i luftig svev kjem du til fjellbygget og restauranten der du får eit 210 graders panoramautsyn med utsikt til Skåla og Lovatnet i aust, Jostedalsbreen og Olden i sør, og ut Nordfjorden som buktar seg vidare mot Stryn i vest. Frå Hoven kan du oppleve høgfjellet på eiga hand i eit omfattande stinett, eller med guide. Til fots, på sykkel eller på ski. Mogleheitene er mange - valet er ditt.

 - 173,6 KB

 - 463,9 KB

Måløyraid Senteret

Internasjonalt krigshistorisk informasjonssenter om krigshistorien sin første allierte fullskala «Combined Operations», der marinen – flyvåpenet og kommandosoldatar angreip samtidig, i same begrensa operasjon og under ei felles leiing.

Måløyraidet, med kodenavn « Archery»- blei ein viktig og strategisk seier for dei allierte, over Hitler sine nazistyrkar, og starten på Hitler sitt nederlag, under 2.verdskrig. Historia vil setje deg tilbake i tid, ved hjelp av autentisk film, bilete, lyd, lukt, gjenstandar og grafisk design.

Briksdalsbreen

 

Den mektige Briksdalsbreen er ein del av Jostedalsbreen Nasjonalpark. frå 1200 meters høgd stuper det ville brefallet heilt ned i den frodige, tronge Briksdalen - eit syn som kvart år trekkjer til seg gjestar frå heile verda. God mat og drikke, overnatting i fjellstove, leiligheit eller hytte, fjellturar og eit innhaldsrikt suvenirhus gir deg gode minner frå Briksdalen.

Briksdalsbreen ligg i enden av Oldedalen, rundt 20 km frå Olden. Frå fjellstova er det ein om lag 3 km lang grusveg opp til breen. Du kan gå eller bli køyrd i open bil. "Trollbilane" køyrer 2,5 km og dei siste 500 meterane.

 - 913,2 KB

Tvinnefossen

Tvinnefossen er eit fossefall i elva Tvinna øst for Hopland og Randabygd i Stryn kommune. Fossen renn av eit framspring i berget som gir rom for å bevege seg under fossen. Tidlegare var dette bygdefolkets vei ned til fjorden. Det skal vere det einaste fossefallet i Nord-Europa med vei for folk og dyr bak vassfallet. Navnet Tvinna kjem frå måten elva bevegar seg i det bratte landskapet i fossar og kvervlar, ikkje ulikt slik garn tvinnast.

Fjordhestsenter

Ligg på Nordfjordeid og er det nasjonale senteret for avl og bruk av fjordhesten. Senteret er ope heile året og kan tilby rideleirar, ride-og køyreturar, rideturar i fjellet m.m. I vestlandsnaturen kan du oppleve fjordhesten i sitt rette naturlege element.

Laksefiske

Den fantastiske Eidselva snor seg nedover Eidsdalen i eit vakkert landskap. Med start ved Nor, i vestre ende av Hornindalvatnet, og etter endt ferd ned Eidsdalen, tømer elva seg i Eidsfjorden, ved Os, nærmast i Eid sentrum. Hølane, eller fiskaplassane er spreidde over ei strekning på omlag 10 km, med varierande kvalitet. Sjå meir om fiskereglar og kjøp av fiskekort på eidselva.no.

Kulturhuset Gamlebanken

Kulturhuset Gamlebanken er eit utstillingsvindu for alle Nordfjordkunstnarar, samt å presentere dei gjennom med separarutstillingar.  Vi ønskjer også  å  presentere kunstnarar frå andre delar av landet.  Dette gjer vi gjennom ei kollektiv sommar og juleutstilling, der fleire utstillarar deltek. I samband med operaen på hausten har vi òg ei operautstilling, i tillegg ei eller to separatutstillingar. Faste kunstnarar som har bilder for salg  i Gamlebanken er Finn Egil Eide, Tommy Bredesen, Ien Klaver, Åge Steinseth, Kjeld Stub, Alexander Stub, Ørnulf Opdahl,Olav Storø, Roy Dahl, m.fl. Les meir på www.gamlebanken.no

Fotturar

Nordfjord har eit av landets mest spennande område for fjellturar til fots. I 2005 vart det for første gong arrangert ein Vandrefestival i august. Dette var ein stor suksess. Ikkje minst løpet opp Skåla i Loen. Meir informasjon finn du hos Reisemål Stryn & Nordfjord. Du kan gå mange fine turar med hotellet som utgangspunkt - uten å setje deg i bil ein gong.

Golf

Nordfjordeid har flott 9-hols golfbane på Stokkenes, omlag fem minutt frå hotellet.Golfbana til Nordfjord Golfklubb er idyllisk plassert ved Eidselva. Vi anbefalar vår gode og næringsrike frukost før 18 hol på Stokkenes!