Tvinnefossen

Tvinnefossen er eit fossefall i elva Tvinna øst for Hopland og Randabygd i Stryn kommune. Fossen renn av eit framspring i berget som gir rom for å bevege seg under fossen. Tidlegare var dette bygdefolkets vei ned til fjorden. Det skal vere det einaste fossefallet i Nord-Europa med vei for folk og dyr bak vassfallet. Navnet Tvinna kjem frå måten elva bevegar seg i det bratte landskapet i fossar og kvervlar, ikkje ulikt slik garn tvinnast.

Fjordhestsenter

Ligg på Nordfjordeid og er det nasjonale senteret for avl og bruk av fjordhesten. Senteret er ope heile året og kan tilby rideleirar, ride-og køyreturar, rideturar i fjellet m.m. I vestlandsnaturen kan du oppleve fjordhesten i sitt rette naturlege element.

Laksefiske

Den fantastiske Eidselva snor seg nedover Eidsdalen i eit vakkert landskap. Med start ved Nor, i vestre ende av Hornindalvatnet, og etter endt ferd ned Eidsdalen, tømer elva seg i Eidsfjorden, ved Os, nærmast i Eid sentrum. Hølane, eller fiskaplassane er spreidde over ei strekning på omlag 10 km, med varierande kvalitet. Sjå meir om fiskereglar og kjøp av fiskekort på eidselva.no.

Båtturer

Mange likar å kome seg ut i båt. På Nordfjordeid og på Hornindalsvatnet kan du leige robåt. Vi kan også ordne tur med cabincruisar på fjorden for dei som ønskjer det (med sjåfør).

Fotturar

Nordfjord har eit av landets mest spennande område for fjellturar til fots. I 2005 vart det for første gong arrangert ein Vandrefestival i august. Dette var ein stor suksess. Ikkje minst løpet opp Skåla i Loen. Meir informasjon finn du hos Reisemål Stryn & Nordfjord. Du kan gå mange fine turar med hotellet som utgangspunkt - uten å setje deg i bil ein gong.

Golf

Nordfjordeid har flott 9-hols golfbane på Stokkenes, omlag fem minutt frå hotellet.Golfbana til Nordfjord Golfklubb er idyllisk plassert ved Eidselva. Vi anbefalar vår gode og næringsrike frukost før 18 hol på Stokkenes!

Kulturhuset Gamlebanken

Kulturhuset Gamlebanken er eit utstillingsvindu for alle Nordfjordkunstnarar, samt å presentere dei gjennom med separarutstillingar.  Vi ønskjer også  å  presentere kunstnarar frå andre delar av landet.  Dette gjer vi gjennom ei kollektiv sommar og juleutstilling, der fleire utstillarar deltek. I samband med operaen på hausten har vi òg ei operautstilling, i tillegg ei eller to separatutstillingar. 

Faste kunstnarar som har bilder for salg  i Gamlebanken er Finn Egil Eide, Tommy Bredesen, Ien Klaver, Åge Steinseth, Kjeld Stub, Alexander Stub, Ørnulf Opdahl,Olav Storø, Roy Dahl, m.fl.
 
Les meir på www.gamlebanken.no