Dei ulike delane av hotellet har fått namn etter det som har skjedd i dette området:
Organisasjonen «Plassens Venner» er i gong med å restaurere bygningar og uteområde. Sommarstid er Jektehola ved elva eit ynda samlingspunkt for grillfestar og andre samkomer. Amfiet er bygd opp med tanke på utandørs konsertar og liknande. I 2005 vart det for første gong sett opp eit musikal her basert på stoff frå Nordfjordeid som Eksersisplass. Les meir på deira eiga heimeside.
Det er også her Malakoff Rockfestival går av stabelen kvart år i juli. Fleire gonger utpeika til landets beste rockefestival av Norsk Rockforbund.
Rica Partner Nordfjord hotell
6770 Nordfjordeid
Telefon: 57 86 33 33
Faks: 57 86 33 20
Nordfjord Hotell er eit Rica Partner Hotell og har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har restaurant med eit godt kjøkken, bar, ny og moderne møteromsavdeling for inntil 250 personar samt nytt badehus med SPA og treningssenter. Hotellet har heis.