Velkommen til Nordfjord Bad og Spa

 Vi tilbyr ei herleg ramme rundt ditt spa-opphold med tilgang til varmt terapibasseng, ulike badstuer, jacuzzi, solariumog trimrom. 

Ein kan sjølvsagt nytte spa-anlegget utan å ta behandlingar, vi sel både dagpakkar, månadskort, halvårskort og årskort. Kontakt hotell resepsjonen for tilgang.

Vår spa-terapeut er utdanna medisinsk massasje terapeut og har mange spesialfelt.

SPA helg frå 995,- per natt

Overnatting med fullpensjon, tilgang til spa og 25 minutt kroppsmassasje,

samt fruktfat og badekåper på rommet.  

 

Bestill her

Spa behandlinger

TAMAS SZABO - MEDISINSK MASSASJETERAPEUT

Tamas er utdanna medisinsk massasjeterapeut frå Ungarn. Han kan hjelpe deg med dei mest hardnakka "vondtar". Han er óg utdanna innan kinesisk akupress/massasje og kan tilby fantastisk muskelstimulanse. I tillegg til massasjar, skrubbar, «Hot Stone» og innpakningar, tilbyr Tamas spesialbehandlingar med honning og sjokolade.

Litt av Tamas sin kompetanse:

  • Klassisk massasje, aroma massasje, "Hot Stone" og kinesisk massasje
  • Peeling, skrubb og innpakningar
  • Lymfedrenasje
  • Thai massasje (South style, streching version)
  • Kranial massasje
  • Indisk hovudmassasje
  • Fotmassasje
  • Ansiktsbehandlingar

Fasilitetar

Du finn ei flott saunaavdelingen med finsk badstu, tyrkisk bad, infraraud badstu, isdusj og vanlige dusjar.  

På utsida er der eit jacuzzi med plass til 7 personar. Denne held 38 grader og har saltvatn og massasjedyser. Ein fin plass å avslutte SPA-opphaldet. 

  • Terapibasseng med 34 graders varme
  • Saunaavdeling med finsk badstue og  infraraud badstue
  • Hydromassasjebad
  • Utandørs patiois-dusj
  • Jacuzzi med saltvatn og massasjedyser
  • Solarium
  • Tyrkisk bad
  • Hud og kroppspleieprodukt for sal
  • Matservering og bar
 

 

 

Åpningstider

Badehuset: 07:00 - 20:00

Treningssenter: 07:00 - 22:00

Gjeld alle dagar i veka. Unntak er helligdagar eller når hotellet elles er stengd