
Det er her lagt vekt på moderne utstyr som faste videokanoner og lerrett, faste utgangar for tilknytning til PC med lyd og audiovisuelt samt internett og straum. Mikrofonanlegget har trådlause mikrofonar og god lyd. Akustiske plater og skikkelig tregolv syter for gode akustiske arbeidsforhold.
Den nye avdelinga er utstyrt for selskap og middagar. Fantastiske lysekruner i krystall gjer at møteromet framstår som eit stilig selskapslokale med dempa belysning.
Selskapsavdelinga kan nyttast i lag med hotellet sin restaurant og såleis kunne ta inntil 400 personar til bespisning på ein gong.
Øyebakken er historisk stad rett ved hotellet og namnet på ein kar frå militærtida på Nordfjordeid. I området ved hotellet låg landets aller første eksisplass, og personar og historier frå militærtida lever godt den dag i dag. Ikkje minst takka vere det historiske spelet Elskhug og Eksis som blir framført annakvart år i jonsokhelga.
Holtermann var kaptein i militærleiren rundt førre århundreskifte. I Holtermanns tid – er eit uttrykk som er mykje brukt lokalt på Nordfjordeid. Dei unge soldatane fekk god og myndig opplæring under denne karen, og historiene frå eksisøvingane er mange.
Røvde var fotograf og trubadur og naturlig nok ein populær kar når fotografering kom på moten.
Kjøsnes var leiar for Kjøsnesmusikken, kanskje landets første militærorkester. Dette vart stifta rundt 1860 og var i drift til ca. 1913 då det vart forløparen for dagens Eid Musikklag.
Rica Partner Nordfjord hotell
6770 Nordfjordeid
Telefon: 57 86 33 33
Faks: 57 86 33 20
Nordfjord Hotell er eit Rica Partner Hotell og har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har restaurant med eit godt kjøkken, bar, ny og moderne møteromsavdeling for inntil 250 personar samt nytt badehus med SPA og treningssenter. Hotellet har heis.