ØYEBAKKEN

264 m2 - Heile møteromsavdelinga

  • Klasseromoppsett 190 personar
  • Kinooppsett, 250 personar
  • Selskap med langbord, 250 personar
  • Selskap med runde bord, 140 personar

HOLTERMANN

166 m2 - Storsalen

  • Klasseromoppsett 100 personar
  • Kinooppsett 150 personar
  • Selskap med langbord, 160 personar
  • Selskap med runde bord 90 personar

RØVDE

53 m2

  • Klasseromoppsett 25 personar
  • Kinooppsett 30-40 personar
  • Selskap med langbord, 32 personar
  • Selskap med runde bord 32 personar

KJØSNES

44 m2

  • Klasseromoppsett 25 personar
  • Kinooppsett 30 personar
  • Selskap med langbord, 32 personar
  • Selskap med runde bord, 32 personar

Utstyr

Det er her lagt vekt på moderne utstyr som faste videokanoner og lerrett, 
faste utgangar for tilknytning til PC med lyd og audiovisuelt samt internett og straum.
Mikrofonanlegget har trådlause mikrofonar og god lyd.
Akustiske plater og  tregolv syter for gode akustiske arbeidsforhold.
  • Utstyret handterer DVD og CD-ar
  • Lyset blir automatisk regulert alt etter bruk
  • Ved hjelp av fjordvarme har lokala beste kvalitet på oppvarming/kjøling
  • Lokalet eignar seg også godt for konsertar og dans

 


NAMN MED HISTORISK OG LOKAL SUS

Øyebakken er historisk stad rett ved hotellet og namnet på ein kar frå militærtida på Nordfjordeid. I området ved hotellet låg landets aller første eksisplass, og personar og historier frå militærtida lever godt den dag i dag. Ikkje minst takka vere det historiske spelet Elskhug og Eksis som blir framført annakvart år i jonsokhelga.

Holtermann var kaptein i militærleiren rundt førre århundreskifte. I Holtermanns tid – er eit uttrykk som er mykje brukt lokalt på Nordfjordeid. Dei unge soldatane fekk god og myndig opplæring under denne karen, og historiene frå eksisøvingane er mange.

Røvde var fotograf og trubadur og naturlig nok ein populær kar når fotografering kom på moten.

Kjøsnes var leiar for Kjøsnesmusikken, kanskje landets første militærorkester. Dette vart stifta rundt 1860 og var i drift til ca. 1913 då det vart forløparen for dagens Eid Musikklag.