Tilbage til blog oversigten
mandag 28. august 2017 kl. 14:11
Gudvalds Tidende 21. okt. kl. 20:00
Gudvalds Tidende 21. okt. kl. 20:00
Humorshowet Gudvalds Tidende fylde eit og eit halvt kulturhus i Stryn i vinter, og no er vi klare for å ta med galskapen utanfor kommunegrensa. Første stopp er Scandic Nordfjord Hotell på Eid. 

Til liks med dei to føregåande showa (Etter fjøstid 2010 og Gretne, galne gubbar 2012) blir den pensjonerte trappesnikkaren og småbrukaren Gudvald ein sentral aktør. Denne gongen har den godlynte figuren starta eiga avis, og publikum kan glede seg til besøk i redaksjonen av kjende og nye karakterar. I nettutgåva av lokalavisa dukkar det også opp video-reportasjar du aldri trudde du ville sjå! 

Showet er i hovudsak skrive og produsert av Myklebust sjølv, men denne gongen har han med seg den erfarne tekstforfattaren Erlend Engan frå Lånkerevyen utanfor Trondheim. Engan, som har bidrege med teksthjelp og regi, har skrive fleire prisvinnande nummer i NM i revy på Høylandet, siste åra. 

- Dette er utan tvil det mest gjennomarbeidde showet mitt så langt, og eg gler meg til å vise det for eit publikum utanfor heimkommunen, seier Myklebust.
Pakke med middag og show
 
SHOWPAKKE MED MIDDAG
Bestill mat og billett i same sleng!
Vi byr på biff, bèarnaise, pommes frites og billett for kr. 500,- p./p.
 
Program:
18:00 Middag
20:00 Humorshow «Gudvalds Tidende

BILLETTAR TIL SHOW:
Kr 250,- eigen pris for buande gjester. Tingast direkte ved hotellet:
tlf. 57 86 33 33/ booking@nordfjord-hotell.no