• Hjem
  • Rom
  • Restaurant
    • Malakoff Bar
    • Catering
    • Expeditionen
  • Badehuset
    • Badehuset
    • SPA-meny
    • Prisar for årskort o.l.
    • Månadens tilbod
    • SPA-etikette
    • Trim og SPA deg sjølv-rituale
    • Treningssenter
    • Bedriftsavtale
    • Bilder Badehuset
  • Om oss
    • Om oss
    • Nyhetsarkiv
    • Kulturhotellet
    • Generell informasjon
    • Logg inn
  • Konferanse
    • Konferanse
    • Selskapsavdelinga vår
    • Kurspakkar
    • Øyebakken
    • Holtermann
    • Røvde
    • Kjøsnes
    • Teknisk raider
  • Aktivitetar
    • Aktivitetar
    • fisk.png Eidselva
    • Eidsgata/shopping
    • Ski
    • Golf
    • Friluft
    • Eksersisplassen
    • Eid kyrkje
    • Kort om Nordfjordeid

Kulturhotellet

Nordfjord Hotell har gjennom alle år støtta kultursatsinga i Eid. Dette har skjedd som støttespelar for lokale tiltak og organisasjonar som Elskhug og Eksis, Malakoff Rockfestival, Skjoratippen og ikkje minst Opera Nordfjord.

Opera Nordfjord

operanordfjord_thumbOpera Nordfjord vart etablert i 1998 og Nordfjord Hotell har samarbeidd tett med distriktsoperaselskapet som sponsor og aktiv støttespelar. Produksjonsapparat og solistar bur på hotellet og kjenner seg heime der. Det er no tolv år sidan første oppsettinga og utviklinga har vore imponerande.

Nordfjord Hotell utarbeidde tidleg operapakken der ein legg til rette for tilreisande operagjestar. Dette har etter kvart blitt eit av dei mest populære produkta til hotellet og er utseld år etter år.

Les meir på Opera Nordfjord sine nettsider.


Opera Workshop

workshopNordfjord Hotell har også støtta etableringa av Nordfjord International Opera Workshop – kvart år i juli. Elizabet Norberg-Schultz er musikalsk ansvarlig for denne sommarskulen der operastjerne i støypeskeia finn vegen til fjordbygda Nordfjordeid for å spisse kompetansen sin og få god hjelp på vegen av professorar på høgste internasjonale nivå.

Les meir på Opera Workshop sine nettsider.


Operahuset Nordfjord

operahusetOperahuset Nordfjord nytt i 2009, er eit fantastisk hus – samlokalisert med Eid Vidaregåande Skule. Lokala rommar bibliotek, kino og konsertsal i tillegg til stor og luftig kantine/lobby. Biblioteket fungerer godt for både lokalbefolkning og skule-elevar. Kinoen er eit lite, topp moderne amfi for 100 personar med beste tilhøve for lyd og bilde. Konsertsalen har plass til 550 personari fast amfi med galleri, har eigen orkestergrav og artistgarderobar for teater og shows. Det er tatt spesielt omsyn til gode akustiske forhold i og med at dette er hovudarenaen for Opera Nordfjord.

Operahuset sitt program blir ofte "pakkar" ein kan i kulturhotellet. I åpningsåret har det vore utarbeidd pakkar for Opera Nordfjord si opningsframsyning med "Tyrfing", Bjørn Eidsvåg-konsert, operagallaen til Nordfjord International Opera Workshop, konsert med amerikanske Denyce Graves og Øystein Sunde. Det er naturlig for Nordfjord Hotell å selge sine kulturpakkar i nært samarbeid med Operahuset Nordfjord.
Malakoff Rockfestival

Hotellet har også teke imot rockestjerner, lydfolk og profesjonelle vakter når tida er inne for årets Malakoff Rockfestival. Festivalen vart starta av lokale, unge eldsjeler som etterkvart måtte ha hjelp av heile bygda for å meistre den store mengd med publikum og arbeidsoppgåver. Hotellet har prøvd å ta ei aktiv rolle i så måte. Festivalen veks år for år og det er hyggeleg for bygda å kunne profilere så vidt, alt frå rock til opera.

Les meir på Operahuset sine nettsider.


Elskhug og Eksis

elskhugElskhug og Eksis er eit fascinerande og koselig historisk spel, basert på dagleglivet i den gamle eksisplassen like ved hotellet. Plassens venner og ei kjerne med lokale eldsjeler står bak dette. Spelet blir framført utandørs i amfiet på Plassen annakvart år i jonsokhelga og har med ungdom, fjordhest, vaskekoner og soldatar i skjønn forening. Nordfjord Hotell har bidratt aktivt som sponsor og med marknadshjelp sidan starten.

Kulturinteressa inkluderer sjølvsagt eit aktivt og oppegåande folkemusikkmiljø med fleire organisasjonar. Dei har tradisjon for å ta på seg store, landsdekkande arrangement. Vi kan nemne distriktskappleikar, landsfestivalen i gammaldans og landskappleik. I 2010 vil det igjen bli Landsfestival i Gammaldans på Nordfjordeid og fleire tusen menneske er venta i juli.

Les meir på Elskhug og Eksis sine nettsider.


Skjoratippen

skjoratippenSkjoratippen er ei spel- og dansarhelg i august. Denne har vore arrangert over tre år som eit samarbeid mellom Nordfjord Hotell og Eid Spelemannslag. Spel- og dansefolket kosar seg med svingande rytmer og feiande dans.

Dette er eit populært tilbod som trekker til seg danseglade mennesker frå heile landet. Meir informasjon kjem på våre heimesider i løpet av sommaren.


Kulturskulen

Den Kommunale Kulturskulen i Eid har høg kvalitet og er prega av høg aktivitet. Nordfjord Hotell nyttar ofte, med stort hell, elevgruppar til kulturinnslag for gjestar.Eid Kommune har eit oppegåande korpsmiljø med to vaksnekorps og fem skulekorps. Det blir lagt ned eit viktig musikalsk oppdragande arbeid i skulekorpsa. Ilag med Den Kommunale Kulturskulen er summen av alt dette det som skal til for å ha grunnlag for både rockefestival og opera.

Bildande kunst er også ein del av kulturlandskapet i Eid. Dei kunstinteresserte har sytt for at Nordfjord Sparebank sin gamle administrasjon er sikra for ettertida som Kulturhuset Gamlebanken. Her er salgsutstillingar heile året. Nordfjord Hotell set si ære i å vere ein god medspelar for aktiviteten i gamlebanken og gjestar frå hotellet er stadig innom der for kunst og musikkopplevingar.

Nordfjord Hotell har ein visjon om å vere med å utvikle meir innanfor kultur og er ein naturlig medspelar i det pågåande VAKN prosjektet. Dette set fokus på muligheten for å utvikling innanfor temaet kultur og næring. Prosjektet, som altså hotellet er ein del av, har i 2009 vunne kultur/næringspris for tettstadutvikling med kultur som base.

kulturhotellet_logo_modul
  • Om oss
  • Nyhetsarkiv
  • Kulturhotellet
  • Generell informasjon
  • Logg inn

Sosialt

  • Facebook
  • Twitter
  • TripAdvisor

Følg oss på Facebook

Følg oss på TwitterLegg igjen en kommentar på Tripadvisor

Kontakt oss

Rica Partner Nordfjord hotell
6770 Nordfjordeid
Telefon: 57 86 33 33
Faks: 57 86 33 20

booking@nordfjord-hotell.no
Kontaktskjema

Nordfjord Hotell

Nordfjord Hotell er eit Rica Partner Hotell og har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har restaurant med eit godt kjøkken, bar, ny og moderne møteromsavdeling for inntil 250 personar samt nytt badehus med SPA og treningssenter. Hotellet har heis.

Logg inn

Nordfjord hotell, 6770 Nordfjordeid | telefon: 57 86 33 33, faks: 57 86 33 20
Organisasjonsnummer: 831384212

rica_partner_hotell