Vertskapet ved Åmot Operagard og kunstnarleg leiar Erlend Samnøen informerer om prosjektet Orlando 23. - 26. august 2012 der Operaens Venner har reservert 40 plassar.
Eit anna høgdepunkt er ein eksklusiv konsert med vår eigen Madelen Berg og Emil Solli-Tangen. Kveldens pianist og akkompagnatør: Olga Pavlova.
Vår kjøkkensjef Charles Ewis tilbyr følgjande svært kreative meny:
Madelen Berg, fiolin frå Nordfjordeid, er elev ved Barratt Due Musikkinstitutt i Oslo. Der trefte ho Emil Solli-
Tangen (bror til Didrik) som studerer song. Begge er heilt i norgestoppen og svært talentfulle. Operasongar
Anders Vangen har sagt om Emil at han er det største songtalentet han har møtt. Madelen er flaska opp av sin lærar Olga Pavlova i kulturskulen i Eid. Det er naturlig at det er Olga som får bistå på klaveret denne kvelden.
Arrangementet er eit samarbeid mellom Nordfjord Hotell og Operaens Venner. Påmelding til Nordfjord Hotell.
Det er duka for ein heilt spesiell kveld med det musikalske ekteparet Sigvart Dagsland og Karoline Krüger.
Kvar for seg har to artistane festa eit godt grep om publikummet sitt. Sigvart og Karoline har valt å dyrke karrierene
sine kvar for seg, og gjev sjeldan konsertar saman. Difor blir det ei svært eksklusiv oppleving, når ekteparet
foreiner stemmene sine ved flygelet i Operahuset Nordfjord.
Steinar Engelbrektsson Band inviterer til nyttårsdans på Nordfjord Hotell, laurdag 28. januar. Steinar og hans band er meir populære enn nokon gong, og er til og med Spelemann-nominert for siste plata si. Denne gongen samarbeidar han med oss her på Nordfjord Hotell, og vi har satt saman ein fin dansepakke for dei danseglade.
Showpakken inneheld billett til nyttårsdansen, middag og overnatting med Ricas «God Morgon» frukost. Gratis inngang i hotellets SPA-avdeling, Badehuset.
Tinging på telefon 57863333
E-post:
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne se adressen
www.nordfjord-hotell.no
Rica Partner Nordfjord hotell
6770 Nordfjordeid
Telefon: 57 86 33 33
Faks: 57 86 33 20
Nordfjord Hotell er eit Rica Partner Hotell og har 54 velutstyrte gjesterom med 110 sengar. Hotellet har restaurant med eit godt kjøkken, bar, ny og moderne møteromsavdeling for inntil 250 personar samt nytt badehus med SPA og treningssenter. Hotellet har heis.