Aktivitetar og attraksjonar

Nordfjordeid ligg midt i hjartet av Nordfjord, og er difor eit perfekt utgangspunkt for små dagsturar rundt om i distriktet. Nedanfor skildrar vi eit knippe av det som er mogleg å sjå og oppleve i Nordfjord.

Kartoversikt


Nordfjord

Dei fleste attraksjonane i vårt område er knytt til naturen. I Nordfjord kan ein få med seg alt frå bre til hav på berre to timar. Inkludert i dette er fleire av landets mest kjende attraksjonar:

Geirangerfjorden: Det tek ca. ein time med bil/buss frå hotellet til ferga på Hellesylt som tek deg til Geiranger. Dei fleste turoperatørane som brukar vårt hotell har besøk i Geiranger på programmet. Så link til heimeside om Geiranger. Meir informasjon her.

Briksdalsbreen: Ein annan populær dagstur, 87 km frå vårt hotell, er Briksdalsbreen – kanskje den mest kjende armen av Jostedalsbreen. Meir informasjon her.

Vestkapp – norges vestlegaste punkt: Det nakne kystlandskapet er i stor kontrast til det frodige indre av Nordfjord. Her kan du få store naturopplevingar i finever så vel som i ruskever. Turen til Vestkapp bør inkludere besøk i Selje og øya Selja samt ein tur til Kråkenes Fyr i Vågsøy. Meir informasjon her.

Den nye panoramavegen mellom Hopland i Stryn og Hennebygda i Eid gir tilreisande eit nytt godt veivalg. Turen har mindre trafikk enn riksvegen, og med ei fascinerande utsikt er den ei reise verd i seg sjølv.

Guida turar kan ein få ved å besøkje Fjordguides si webside.

Det er viktig å vite kor ein kjem frå for å forstå kor ein står i dag. Nordfjordhistoria er teken vare på og presentert på beste måte på www.nordfjordhistorie.no. Der kan ein følgje spor frå dei første busetnadane i regionen og fram til historisk tid. Ein reiser i tid og rom. Reint fysisk kan ein følgje same ruta frå det eine historiske minnesmerket til det andre.

Les meir om aktivitetar og attraksjonar i Eid i menyen til høgre.

Nordfjord hotell, 6770 Nordfjordeid | telefon: 57 86 33 33, faks: 57 86 33 20 | Administrasjon
Nettsidene er produsert av Huset kommunikasjon & design as