Eid Kyrkje
Første kyrkja på Nordfjordeid var ei stavkyrkje på Myklebust. Eid kyrkje vart bygd i 1849.Arkitekt var handelsmann Claus Krohn Wiese, byggmeister Ole Olsen Løken (sjå Ola Olson Lid under Kjende personar i Eid fødde år 1700-1800). Altertavle frå 1892, måla av Cecilie Dahl.Kyrkja er innvendig utsmykka i ”drakestil” av den kjende treskjæraren og målaren Lars Kinsarvik (1846-1925). (Sjå også Rugsund kyrkje og Totland kyrkje).To kyrkjeklokker frå 1700-talet. Kyrkjenøkkel med runeskrift frå mellomalderen i Oldsaksamlingen, Oslo.
Interiørmessig er Eid Kyrkje både vakker og sjeldan. Spesielt pga. dei flotte fargane i rosemåleria blir framheva av alle dei tilreisande som legg turen innom kyrkja.