Eksersisplassen
Nordfjord Hotell er plassert på Sandplassen som er ein del av den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid. Lokalhistoria fortel om landets eldste eksisplass akkurat her. Området blir til dagleg omtala som ”Malakoff” eller ”Plassen” og strekker seg heilt ned til Eidselva.Dei ulike delane av hotellet har fått namn etter det som har skjedd i dette området:
- Malakoff Bar (området rundt hotellet)
- Øyebakken - den nye store konferansesalen (historisk stad ved hotellet)
- Holtermann - ein del av konferansesalen (kaptein i militærleiren for århundreskiftet)
- Røvde - ein del av konferansesalen (fotograf og trubadur)
- Kjøsnes - ein del av konferansesalen (leiar for Kjøsnesmusikken)
Organisasjonen "Plassens Venner" er i gong å restaurere bygningar og uteområde. Sommarstid er Jektehola ved elva eit ynda samlingspunkt for grillfestar og andre samkomer. Amfiet er bygd opp med tanke på utandørs konsertar og liknande. I 2005 vart det for første gong sett opp eit musikal her basert på stoff frå Nordfjordeid som Eksersisplass. Les meir på deira eiga heimeside.
Det er også her Malakoff Rockfestival går av stabelen kvart år i juli. Fleir gonger utpeika som landets beste rockefestival av Norsk Rockforbund.