Friluft
Fiske
Med Nordfjord Hotell som base kan du fiske i Eidsfjorden, i Hornindalsvatnet, i utallige fjellvatn og i den gode lakseelva vår. Eidselva snor seg gjennom Eidsdalen og gir store naturopplevingar til laksefiskarar år etter år. Spør etter fiskekort på Intersport Nordfjordeid.
Fotturar
Nordfjord har eit av landets mest spennande område for fjellturar til fots. I 2005 vart det for første gong arrangert ein Vandrefestival i august. Dette var ein stor suksess. Ikkje minst løpet opp Skåla i Loen. Meir informasjon finn du hos Reisemål Stryn & Nordfjord.
Du kan gå mange fine turar med hotellet som utgangspunkt - uten å setje deg i bil ein gong.
Sykkelturar
Hotellet har syklar til utleige. Du kan sykle flatt og fint i Eidsdalen eller langs Eidsfjorden. Meir informasjon finn du her.
Båtturar
Mange likar å kome seg ut i båt. På Nordfjordeid og på Hornindalsvatnet kan du leige robåt. Vi kan også vere ordne tur med cabincruisar på fjorden for dei som ønskjer det (med sjåfør).
