Ski
Vintrane på Vestlandet kan vere lunefulle. I Eid kommune finst heile to fantastiske skianlegg med lysløyper. Dette er i Hjelmelandsdalen og i Stigedalen. Desse løypene er sopass godt plasserte at dei mange turelskarane og skitalenta har gode forhold store delar av vinteren.
Vi nemner også alpinanlegget på Harpefossen. Godt utbygde skitrekk i utfordrande løyper med god og profesjonell drift i skisesongen.
