Eidsgata/Shopping

Sommarshopping med laurdagsmarknad.
Nordfjordeid er største handelssenteret i regionen.
Sommarmånadane inviterer handelstanden på Nordfjordeid til sommarshopping med laurdagsmarknad. Den gode handelen og kundane blir sett i fokus og ein tek seg tid til ein god prat.
Laurdagane er det gågate og butikkane profilerer seg ute i gatene. Lag og organisasjonar byr fram mat/drikke, har boder og marknadsaktivitetar.
Alt første året (2005) vart dette ein stor suksess og førte til at Eidsgata såg ut som ei maurtue laurdagane.
Operahopping og juleshopping
Konseptet blir vidareført utover hausten med profilering av Opera Nordfjord si hovudoppsetting i oktober. Dette skal merkast også for dei handlande, som kan forvente ein god handel på Nordfjordeid i oktober.
Ein julepynta handelstad vil invitere til juleshopping frå julegateopninga i november. Handelsstaden Nordfjordeid er siste året styrka med Europris og Moengården Vest (kjøpesenter).