Restaurant

restaurant2

Ved Nordfjord Hotell har ein ambisjonar om å ha beste kvalitet på maten. Vi brukar store ressursar på å setje saman det rette teamet som skal ha ansvar for dette.

Kjøkkensjefen vår, Runar Gudmundsson, er frå Island. Gjestane får helse på han både titt og ofte, for han likar godt å komme i direkte kontakt med deg som gjest. Det er ekstra stas når kokken sjølv kan gi førstehands informasjon om råvarer og krydder.

Åge Vedvik frå Hjelle i Eid og Pramod Nair frå India er kjøkkensjefens skarpskodde medarbeidarar i lag med kokkelærlingane. Åge Vedvik har arbeidd ved hotellet i snart tjue år og var sjølv lærling her. Åge står for stabililtet og har kontroll med tradisjonelt, norsk kjøkken. Pramod er nytilsett og skal tilføre nye smakar og nye rettar på menyane våre.

Ved Nordfjord Hotell skal du kunne få lokalmat like naturlig som god, internasjonalt inspirert mat. Restaurantsjef Ingibjorg Gylfadottir har med seg vaksne, hyggelige servitører som gjer sitt til at besøket i restauranten skal bli ei minnerik oppleving.

Nordfjord hotell, 6770 Nordfjordeid | telefon: 57 86 33 33, faks: 57 86 33 20 | Administrasjon
Nettsidene er produsert av Huset kommunikasjon & design as