Julebord

God tradisjonsmat, nydelig drikke, julepynta langbord, store mengder levande lys, sosialt samvær mellom festpynta gjestar, god dansemusikk.

julebordDette er råma rundt eit vellukka julebordsarrangement ved vårt hotell.

Maten er svært viktig. Det veit kjøkkensjefen når han førebur julematen. Det meste blir laga på eige kjøken. Flatbrød og lefser er døme på produkt som blir levert lokalt.

Det beste pinnekjøttet og den beste lutafisken blir plukka ut og blir tillaga på beste måte. Juledessertar og julekaker avsluttar det heile i lag med freistande ostar.

Årets julebordmusikk er dyktige Trond & Svein. Ein sikker vinnar for dei danseglade.

Nytt romerskinspirert Badehus. Her kan ein få SPA-behandlingar og ha aktivitetar inne og ute.

Ei julebordhelg kan også inkludere juleshopping, besøk i Operahuset Nordfjord, Kulturhuset Gamlebanken, skitur i Harpefossen eller Stigedalen eller andre tema-aktivitetar. Ta kontakt for å diskutere nettopp ditt julebord.

Overnatting med frukost i Julebordsesongen 2010

  • Kr 990,- i enkeltrom
  • Kr 1 500,- i dobbeltrom
Nordfjord hotell, 6770 Nordfjordeid | telefon: 57 86 33 33, faks: 57 86 33 20 | Administrasjon
Nettsidene er produsert av Huset kommunikasjon & design as