Catering
På Nordfjord Hotell er vi ein stor stab med høgt kvalifiserte kjøkkenfolk. Kvaliteten på maten ved hotellet er viden kjend, og vi trur at du som vel ferdigmat frå oss kjem til å vere fornøgd.
Det meste må vi be deg hente sjølv. Unntaket er lunsjrettar i nærmarkedet (på Nordfjordeid) midt på dagen mandag - fredag.
Vi opnar likevel for at vi enkelte gonger kan kome heim til deg med maten. Då kan vi bidra til at maten blir presentert på beste måte til gjestane dine. Dette må avtalast i kvart enkelt tilfelle og vil medføre tillegg i prisen.
Hotellet har utvikla bygdas beste pizza. Den blir steikt i ovn med skikkelig steinplate og tynn botn på italiensk vis. Pizzaen kan fåast i ulike variantar og kan nytast på hotellet eller bestillast frå cateringmenyen.
Lunsj på jobben? Overtid? Enkle og gode lunsjrettar med gode prisar!
Smørbrød, snittar og kaker. Kan bestillast fram til kl. 10.00 leveringsdagen.
Fast Food? Kveldskos for "kosete" eidarar.
Kan bestillast heile veka mellom 10.00 - 21.00.
Venner på besøk? Kvifor ikkje velge luxus tapasbuffet frå hotellet?
Kr. 230,- pr. person og minimum 10 personar.
Kjempegod fingermat!
Eller fisk og skalldyrbuffet med både kaldt og varmt?
Fødselsdag? Vi anbefalar på det varmaste luxus selskapsbuffet med spesiell forrett før 3 typar kjøtt med tilbehør. Kr 245,- pr. person er rimelig luksusmat.
Familiefest/Konfirmasjon? Koldtbord av godt merke eller festmeny med stort utvalg.