Om Sagastad

Sagastad er bygd i Sagaparken i Nordfjordeid sentrum, rett ved den vakre Eidsfjorden. Tomta ligg mindre enn 300 meter frå gravhaugane på Myklebust, der Myklebustskipet vart funne i éin av gravhaugane (Rundehåjen).

Sagastad er eit kunnskap og opplevingssenter av nasjonalt format. 

Bygget har ein diameter på 38 meter. Det svarer omlag til storleiken på gravhaugen Rundehågjen. Bygget er på ca 1030 m2.

Det 30 meter lange Myklebustskipet er det sentrale elementet i bygget. Det runde rommet gjev høve til å sjå skipet både tett på og frå ein viss avstand, ein kan også gå ombord. 

For meir informasjon sjekk ut: Sagastad.no 

 

 

  - 479,2 KB

Kilde: sagastad.no