Svanemerket

8. august 2012 blei Nordfjord Hotell svanemerka. Dette er verdas strengaste miljøkrav og dette innber blant anna at Nordfjord Hotell kjeldesorterar alt avfall, og ikkje brukar eingongsemballasje. Samfunnet frametter vil krevje smartare produsentar og klokare forbrukarar. Nordfjord Hotell er heilårsope, har restaurant, kurs/konferanse/selskapsavdeling og SPA med basseng, saunaer, jacuzzi og treningsstudio. Nordfjord Hotell har satsa på fjordvarme og Svanemerking.

LES MEIR: Om svanemerket
LES MEIR: Kva kjenneteiknar Svanemerket som miljømerke?

Satsing på grøn el og miljømerking

Svanen, verdas strengaste miljøsertifiseringskrav for hotell, er no i boks og svaneflagget er  heisa ved hotellet. Svanen har eit mål om bærekraftig forbruk.

Svanen fokuserer på mange ulike tema, men mest på vatn, energi og avfall. Hotellet fekk  såleis ein pangstart på vegen mot svanemerking med fjordvarmen. I tillegg var det i Badehuset berre godkjent ledbelysning.

Siste året har det vore brukt store ressursar på å byte ut belysning. Kvar enkelt lyspære har vore i fokus! Likeså er det svært mange dusjar og vaskar på eit hotell. Det går med mykje vatn med eit så høgt belegg som hotellet har. Sparedusjar og ekstrautstyr er no på plass og ivaretar denne delen av miljøsatsinga.

Det siste store temaet i Svanen er avfallshandtering og sortering. Moderne hotell har over år  til dømes blitt overivrige på å ta i bruk eingongspakningar; smørpakkar, syltetøy, nugatti, kaviar og kaffifløyte har vore populære produkt. No er alt dette vekke og det går kjempefint.  Her har ein spart miljøet for mykje plast.

Satsing på grøn el og miljømerking

Sommaren 2011 kom neste generasjon Aarskog tilbake til Nordfjord for å ta del i drifta. Jenny Førde Aarskog kom frå ulike stillingar i Rica Hotels i Oslo og var svært ivrig for å få hotellet svanemerka.

Svanen, verdas strengaste miljøsertifiseringskrav for hotell, er no i boks og svaneflagget er  heisa ved hotellet. Svanen har eit mål om bærekraftig forbruk.

Svanen fokuserer på mange ulike tema, men mest på vatn, energi og avfall. Hotellet fekk  såleis ein pangstart på vegen mot svanemerking med fjordvarmen. I tillegg var det i Badehuset berre godkjent ledbelysning.

Siste året har det vore brukt store ressursar på å byte ut belysning. Kvar enkelt lyspære har vore i fokus! Likeså er det svært mange dusjar og vaskar på eit hotell. Det går med mykje vatn med eit så høgt belegg som hotellet har. Sparedusjar og ekstrautstyr er no på plass og ivaretar denne delen av miljøsatsinga.

Det siste store temaet i Svanen er avfallshandtering og sortering. Moderne hotell har over år  til dømes blitt overivrige på å ta i bruk eingongspakningar; smørpakkar, syltetøy, nugatti, kaviar og kaffifløyte har vore populære produkt. No er alt dette vekke og det går kjempefint.  Her har ein spart miljøet for mykje plast.

Hotellet har investert i matavfallskvern som kvar dag «et» alt matavfallet og reduserer vekta til 10% av opprinneleg mengde."

Her er det pengar å tjene når avfallet blir prisa på vekt. På kjøken, anretning, kontor og romavdeling, blir alt sortert. Gjestane blir oppmoda om å hjelpe til med å sortere i konferanseavdelinga og ikkje bruke for mange handkle på romet.
I restaurantavdelinga er det kjøpt inn nye bord for å unngå bruk av dukar. Ei stor besparing i pengar og miljø.

Hotell Direktør Tomas Perers må ved alle kjøp sikre at det er eit svanemerka kjøp. Ofte kan det vere vanskeleg å finne miljømerka alternativ, men ho kan no stolt vise til at alt av produkt til reinhald og vedlikehald er miljømerka.