Book her
Ankomst*
Avreise*
Voksne*
Barn (0 - 11 år)
Ankomst*
Avreise*
Voksne*
Barn (0 - 11 år)

Tilbage til blog oversigten
onsdag 29. november 2017 kl. 12:13
Operapakker 2018: La Bohème
Operapakker 2018: La Bohème

La Bohème

Kjært gjensyn med ein av verdas mest spelte og høgt elska operaer

I 2000 vart vakre La Bohème av Giocomo Puccini sett opp i Aulaen på Fjordane Folkehøgskule på Nordfjordeid til stor jubel frå eit begeistra publikum. No er endeleg tida komen for eit kjært gjensyn med dei sjarmerande bohemane i ein av verdas mest spelte og høgt elska operaer, denne gongen i Operahuset Nordfjord. Vi er svært stolte over å kunne presentere operaen i ei funklande ny, nynorsk omsetting av Jostein Avdem Fretland.

La bohème er ein italiensk opera i fire akter og vart oppført første gong 1. februar 1896 på Teatro Regio i Torino i Italia under leiing av Arturo Toscanini. Librettoen vart skiven av Giuseppe Giacosa og Luigi Illica etter ein roman av Henri Murger: La Vie de Bohème.

Handlinga utspelar seg i kunstnarkretser i Paris, og dei berande rollene er poeten Rodolfo (tenor), syerska Mimi (sopran), målaren Marcello (baryton), musikaren Schaunard (baryton), filosofen Colline (bass) og den tidlegere songeren Musetta (sopran).

Det er ei stor glede å presentere solistlaget for jubiléumsproduksjonen 2018:
Mimi: Margrethe Fredheim, Rodolfo: Thorbjørn Gulbrandsøy, Marcello: Mads Wighus, Musetta: Gunda-Marie Bruce, Schaunard: Thomas Røshol, Colline: Martin Hatlo, Alcindoro/Benoît: Lars Eggen.

Operapakke 2018

Pris kr. 2600 pr. person i dobbeltrom.  Enkeltromstillegg kr. 500,-
Grupperabattar.
Speledatoar 3., 4., 6., 7., 9., 10., 12., og 13. oktober.

Operapakken inkluderer
Pakken inkluderar aperitif, lett formåltid, transport til og frå Operahuset, informasjon og deilig middagsbuffet etter forstilling.
Overnatting med frukost og tilgang til badehuset. 

NB! Som tidlegare må pakken førehandsbetalast. Informasjon rundt dette kjem ved bestilling. 

NYTT AV ÅRET: 
Vi endrar litt på konseptet men vonar og trur dette blir til gjesten sitt beste : 
Ein time før transporten til Operahuset set vi fram deilig og lett fingermat som de kan forsyne dykk av når det måtte høve. Inkludert er også eit glass godt drikke. 

Informasjonen vert i år gjeven av enten Operasjefen Kari Pavelich eller styreleiar i Operaens venner, Trond Aare ved ankomst i Operahuset. 
Etter forestilling returnerar de til hotellet. I år satsar vi på middagsbuffet med haustens smakar som hovedtema, (med forbehold om god nok bestillingar)