Book her
Ankomst*
Avreise*
Voksne*
Barn (0 - 11 år)
Ankomst*
Avreise*
Voksne*
Barn (0 - 11 år)

Tilbage til blog oversigten
onsdag 18. december 2019 kl. 10:57
Opera 2020
Opera 2020

Speledatoar:
30.september – premiere
01., 03., 04., 06., 07., 09. og 10. oktober

 Operapakke:
* Aperitif og fingermat i forkant
* Transport til og frå, samt informasjon om framsyninga
* Billettar til forestilling
* Middag etter forestilling
* Overnatting med frukost
* Tilgong til badehuset

Prisar:
Enkeltrom 3100,- Dobbeltrom 2600,- per person. 
Grupperabatt ved større grupper.
 

 


Om Mannen frå La Mancha

 Mannen frå La Mancha (The man of La Mancha) er ein musikal frå 1965 av Dale Wasserman, med tekst av Joe Darion, musikk av Mitch Leigh og nynorsk omsetjing av Hartvig Kiran. Den er basert på Wasserman sitt TV-teater I, Don Quixote, som igjen var inspirert av Miguel de Cervantes og hans romas Don Quixote frå 1700-talet. Den fortel historia om den galne riddaren Don Quixote, som eit spel i spelet, framført av Cervantes og hans medfangar, medan han ventar på ei høyring undern den spanske inkvisisjonen. 

Den originale 1965 Broadway-produksjonen vart framført 2328 gongar og vann fem Tony Awards, inkludert Best Musikal. Musikalen er ein av dei kjæraste og mest populære innan musikkteater-sjangeren. Den vakre songen The Impossible Dream er den mest kjende frå musikalen. 

Den gamle mannen Miguel de Cervantes, ein totalfiasko i sine karrierer både som skodespelforfattar, diktar og skatteoppkrevjar, ventar i fengsel på sin rettargong for eit lovbrot mot kyrkja. Hans medfangar trugar med å konfiskere hans få, men kjære eigedelar, mellom anna det uferdige manuskriptet til romanen «Don Quixote». For å redde det foreslår han å forsvare seg ved å underhalde dei, og Cervantes og hans trufaste tenar forvandlar seg til Don Quixote og Sancho Panza. Dei rir på hestar, dansar flamemco og kjempar for vakre kvinner og engasjerar medfangane til å spele forskjellege roller. 

Handlinga i romanen går føre seg på ei veikro, der den fagre heltinna er servitrisa Aldonza. Kroverten tildelar Don Quixote hans riddarskap. I ein kamp med sin mørke fiende Enchanter bukkar han under og vert tvinga til å innsjå at han er ein ynkeleg klovn. 

Historia om Don Quixote har gripe medfangane så djupt at dei returnerar manuscriptet til Cervantes og følgjer han på veg til inkvisisjonen.