Book her
Ankomst*
Avreise*
Voksne*
Barn (0 - 11 år)
Ankomst*
Avreise*
Voksne*
Barn (0 - 11 år)

KJØSNES

44 m2

  • Klasseromoppsett 25 personar
  • Kinooppsett 30 personar
  • Selskap med langbord, 32 personar
  • Selskap med runde bord, 32 personar

RØVDE

53 m2

  • Klasseromoppsett 25 personar
  • Kinooppsett 30-40 personar
  • Selskap med langbord, 32 personar
  • Selskap med runde bord 32 personar

HOLTERMANN

166 m2 - Storsalen

  • Klasseromoppsett 100 personar
  • Kinooppsett 150 personar
  • Selskap med langbord, 160 personar
  • Selskap med runde bord 90 personar

ØYEBAKKEN

264 m2 - Heile møteromsavdelinga

  • Klasseromoppsett 190 personar
  • Kinooppsett, 250 personar
  • Selskap med langbord, 250 personar
  • Selskap med runde bord, 140 personar

Utstyr

Det er her lagt vekt på moderne utstyr som faste videokanoner og lerrett, 
faste utgangar for tilknytning til PC med lyd og audiovisuelt samt internett og straum.
Mikrofonanlegget har trådlause mikrofonar og god lyd.
Akustiske plater og  tregolv syter for gode akustiske arbeidsforhold.
  • Utstyret handterer DVD og CD-ar
  • Lyset blir automatisk regulert alt etter bruk
  • Ved hjelp av fjordvarme har lokala beste kvalitet på oppvarming/kjøling
  • Lokalet eignar seg også godt for konsertar og dans

 

Lyd

I Øyebakken og Holtermann så kan det vere behov for mikrofonar o.l. for å nå ut til alle tilhøyrarane. Det finst trådlause mikrofonar og myggar samt vanlege mikrofonar kopla direkte til lydanlegget.

Høgtalarsystemet er heilt nytt og gir ein god «snakkelyd» utover heile salen.

Det er mogleg å kople opp datamaskiner for å spele av lyd, eller bruke hotellets CD-spelar/DVD-spelar. Kablar for oppkopling er tilgjengeleg for utlån.

Bilete

Den største salen har prosjektor med storskjerm som er 6x5 meter i storleik. Dei to minste salane har prosjektorar med storskjermar som er 5x4 meter i storleik. Her er det mogleg å spele av DVD-ar ved å bruke hotellets spelar, eller koble opp eigne datamaskiner. Kablar for oppkopling er tilgjengeleg for utlån.

Lysforhold

Det er elektriske persienner i alle rom som slepp inn naturleg lys. Lys i taket og langs veggane styrer ein automatisk alt etter kva slags innstilling ein set møterommet i. Alt dette, samt lyd, kan styrast av ein multifunksjonell fjernkontroll.

Luftkvalitet

Nordfjord Hotell har nyleg lagt inn den miljøvenlege løysinga til Fjordvarme. Dette sørgjer for at det til ein kvar tid er god luftkvalitet inne i møteromma. Dette er særs viktig når ein held lange møter eller konferansar.

Internett

I våre møtelokaler er det mogleg å surfe på internett via vårt trådlause internett. Dette vil være tilstrekkelig for mindre konferanser, men hastigheten kan gå ned om mange brukar nettet samtidig. For å være sikker på at du har ei internettlinje som er stabil og med høg hastighet så er det mogleg å få tilgang til vår fiberlinje. Dette kan passe bra ved behov for videooverføring/streaming e.l.

 

 
Navn*
E-postadresse*
Kommentar*